Retningslinjer for elevplass

Søknad

Alle, men fortrinnsvis barn og unge busett i Ålesund kommune, kan søke om plass i kulturskolen. Det er ingen søknads-frist, men for å vere med i hovudopptaket til nytt skoleår bør søknaden vere registrert innan 1. mai.

Søkjarar på venteliste må fornye søknaden (re-registrere seg) innan 1. mai om dei framleis vil stå som søker til elevplass. Søkjarar som ikkje re-registrerer seg vil bli sletta frå ventelista.

Søknad og re-registrering skjer elektronisk i SpeedAdmin. Logg inn via kulturskolen si heimeside, kulturskole.info

Dersom ein elev ønsker å bytte disiplin eller instrument må det søkast om det og blir registrert som eit nytt fag.

Som hovudregel blir søkjarar på venteliste tatt inn fortløpande ved ledig plass. Alder og undervisningsstad kan bli lagt til grunn for prioritering.

Oppseiing

Elevar som har plass i kulturskolen skal vil behalde plassen inntil han blir sagt opp eller blir avslutta avRetningslinjer kulturskolen, t.d. ved oppnådd øvre aldersgrense for tilbodet.

Utmelding skal skje skriftlig, elektronisk via SpeedAdmin eller som e-post til .

Ein elevplass er i utgangspunktet bindande for eitt skoleår, og fristen for oppseiing av elevplass er 1. mai.

Er det likevel aktuelt å slutte i løpet av året, er 1. desember oppseiingsfristen for vårhalvåret.

Overskriding av desse fristane kan medføre at det må betales full elevkontingent også for neste semester.

Frammøte

Om ikkje anna er avtalt, skal undervisninga skje til fastsett tid. Er eleven hindra frå å kome på time, skal skolen/lærer ha melding om dette. Kulturskolen gir melding om endring/bortfall av undervisning pr. e-post, ev. på SMS om det er akutt.

Størstedelen av kulturskoleelevane får undervisning en gang i uka. Undervisninga føregår både individuelt og i små og store grupper. I tillegg til den faste, regelmessige undervisninga er også deltaking på framsyningar, konsertar og ulike arrangement ein viktig av kulturskoletilbodet.

Undervisninga i kulturskolen følger skoleruta.

Elevar som ikkje møter til undervisning 3 gonger på rad utan å gi melding og/eller viser manglande interesse og innsats eller viser uønska oppførsel kan bli utelukka frå vidare undervisning.

Betaling

Betalingssatsane blir vedtekne av Ålesund kommunestyre, og blir vanlegvis justerte pr. 1.1. kvart år.

Kulturskolen har også 10 friplassar. Ein kan søkje friplass for eitt skoleår, og søknadsfristen er 15. september. Kultursko-len har også søskenmoderasjon.

Manglande kontingentbetaling kan føre til at en mister elevplassen.

Informasjon heim – skole

Sjølv om kulturskolen er eit fritidstilbod er kulturskolen en skole. Kontakten mellom skole og heim er viktig også her. Det blir m.a. halde informasjons- og foreldremøter med dei føresette.

Informasjon mellom skole og heim skjer primært via e-post og SMS. Det er difor avgjerande viktig at kulturskolen alltid har (får) oppdatert e-postadresse og telefonnummer til føresette og ev. elever.

Kulturskolen bruker programmet SpeedAdmin. (Last ned Appen!) Der finn de timeplanar, informasjon og lekser.

Jugendteateret og ballettskolen har sine foreldreforeiningar. Foreldreforeiningane - og føresette innanfor alle fag, er viktige samarbeidspartnarar m.a. for gjennomføring av dei mange prosjekta og framsyningane som blir sette opp.

Utfyllande informasjon om opptakskriterier, tilboda, kontingentar osv. er å finne på heimesida til Ålesund kulturskole.

Oppdatert pr. 20.4.2020

Postadresse: Besøksadresse: e-post: telefon Postboks 1521 Borgundvegen 351 70 16 34 80 / 34 84 6025 Ålesund 6009 Ålesund Heimeside: http://kulturskole.info